Mjølkeprodukt

 

Yoghurt Naturell

 

Laga av elitemjølk frå våre eigne kyr same dagen som den er mjølka. Den er pasteurisert og har haldbarheit ein månad frå produksjonsdato, på kjøl i uopna boks. Kan fint brukast i matlaging, i staden for rømme og crème fraise.

Kan blandast i både kalde og varme rettar utan å breste. Passer både til dessert, mellommåltid og er eit godt magert alternativ som base i dressingar

NATURELL YOGHURT, PASTEURISERT: 0,5 l kr.50,-

 

Drikkeyoghurt

 

Laga av elitemjølk frå våre eigne kyr same dagen som den er mjølka, og syrna med vår egen yoghurtkultur. Drikk den som yoghurt, kulturmjølk og kefir, og smak forskjellen. Den kan brukast på kornblanding, samt i vaffelrøra.

Den er pasteurisert og har ein månad haldbarheit frå produksjonsdato, på kjøl i uopna flaske, etter opning; haldbar 5 dagar på kjøl. Om ein returnerer glasflaska får ein kr 5,- pr. flaske i pant.

DRIKKEYOGHURT: 65,- pr. liter