SandeGardsmat.jpg

Bente og Bjarte

Vi, Bente og Bjarte Nordanger, driv garden vår på Sande i Gulen. Vi produsera mjølk med 27 mjølkekyr og 8 ammekyr. Vi har også produksjon av storfekjøtt frå 20 oksar og kviger, kalvekjøtt frå 40 kalvar. Utanom det har vi også produksjon av egg frå 7500 frittgåande høner.

Begge jobbar fulltid på garden, og så leiger vi inn hjelp til feriar, arbeidstoppar og elles ved behov. Mjølka vår vert selt gjennom bondens selskap Tine, medan storfekjøttet vårt vert selt gjennom bondens selskap Nortura Gilde. Egga seljast gjennom bondens selskap Nortura Prior. Ein del av kjøtet, egga og mjølka sel vi gjennom Sande Gardsmat, av gardsdrifta er dette vår lokalmatdel, som stadig er i utvikling. Her lager vi eige produkt av råvarene frå garden, eller at vi sel råvarene slik som dei er direkte ut t il kunde.

I dag har vi både egg, mjølkeprodukt, kjøttprodukt, samt noko variantar av syltetøy og pestoar, som baserer seg på råvarer frå hagen eller naturens ville vekstar.

20200302-IMG_2892.jpg

Drifta på gården

Hønene
Vi har i dag eggproduksjon med 7500 frittgåande høner. Hønene har store areal til strøbading, noko som brukast flittig kvar dag til å reinse fjørdrakta, til å grave kvilegroper og leite etter mat. Med andre ord: Dei får utøve naturlig åtferd. Kvar dag tar vi inn kalkholdig grovsand, som er godt for eggeskalet, som utviklast om natta medan høna søv.

I tillegg får hønene både brød og strøkorn som de kan kose seg med. Vi meiner heilt klart at våre høner viser glede og trivsel ved å komme springande mot oss kvar dag når vi kjem inn i huset.

Kyrne
Vi driv med mjølkeproduksjon med 27 kyr. Kyrne går lause inne i floren, men dei har alle kvar sin bås med madrass kor dei kan kvile seg, og tilgang til mat og drikke når dei har behov for det. Dei blir mjølka morgon og kveld, frå kalving og 10 månadar fram. Frå mai til september kan du sjå dei ute på beite, store areal med gjødsla beite som gir sommarmjølka den beste kvaliteten.

Kalvane
Kjøttproduksjon er ein stor del av vår drift, og vi har ein kontraktproduksjon med kalve-kjøtt, desse kalvane har ekstra gode forhold. Dei vert fødd i eigne bingar med halmseng. Vi er svært nøye med reinhald og mjølke-fôring. Mjølk og kalvemüsli er hovedfôret dei to fyrste månadane. Det finaste høyet blir servert til kalvane. Dei er svært sosiale, og vi prioriterer å være oppi bingane kvar dag, slik at dei skaper tillit til oss. I kvar binge er det 3-6 kalvar.

Ammekyrne
Vi har også 8 ammekyr som gir flotte anguskalvar, dei får bli store slakt med fantastisk marmorert kjøtt. Ammekyrne går saman med store og små kvige og nyttar store utmarksressursar på Sande, heile sesongen er det mogeleg å finne mat ute. Frå sommeren 2020 vil også oksekalvar under 6 månadar vere ute sammen med flokken.

20200302-IMG_2942.jpg

HMS og smittevern

Vi er oppteken av HMS og smittevern, alle bygningar har montert brannvarslingsanlegg, har sluse for besøkande og sluse for levering av dyr. Rapporten frå den sist gjennomførte revisjonskontrollen er vi stolt av! Under kan du lese hovudkonklusjon frå KSL Revisjon utført 30.11.18 av ekstern revisor:

«KSL-revisjonen synte eit godt drive gardsbruk med fokus på god produktkvalitet, og dyrevelferd. Det var eit oversiktleg kvalitetssystem som har hatt ei god utvikling med flott innarbeidde dokumentasjonsrutinar, og god kontroll i den daglege drifta. Årlege egenrevisjonar er utført med tiltaksplan og fristar, og avvik frå forrige revisjon var lukka. Det er etablert god dokumentasjon i husdyrproduksjonen og natur og miljø med noteringar i gardsdrifta. HMS er gjennomført ved bruk av sjekklister frå Matmerk, og det er sett mål for HMS-arbeidet med fokus på at det skal vere eit trygt arbeidsmiljø. Det er investert mykje i bygningar, og garden framstår som ein fin arbeidsplass med god orden og reinhald og har utnytta tilgjengelege ressursar».

20200302-IMG_2898.jpg

Dyrevelferd

For oss er velferd for dyra viktig. Så frå januar 2019 har dei fleste oksekalvane fått drukke mjølk direkte frå ammekyrne, dei har også fått det beste høyet/ensilerte fôret i tillegg til kalvemusli å vokse på. Dette gir stor trivsel, god tilvekst, og godt kjøtt. Vidare er det også viktig at høne er frittgåande, noko som dei er her hos oss på Sande, kor dei har store areal å bolte seg på. Dyra hos oss skal ha det bra, og difor får dei også ein rikeleg stor porsjon med kos og kjærleik.

IMG_4691.jpg

Berekraft

Berekraft for naturen og dyra våre står vårt hjarta nær, og det er noko av grunnen for at vi driv garden vår her på Sande. Sande Gardsmat er eit resultat av å tenke meir kortreist mat, og kan vere eit tilbod for å få kundar til å enklare får tak i lokale råvare og produkt. Vi ynskjer å gjere vårt når det gjeld berekraft og miljø, vi har difor valt å finne berekraftige system for straum - og energibruk på graden. I dag har vi både solceller, varmegjenvinning og jordvarme i driftsbygga på garden.